El invierno de Gunter

Roman  •  Voksne

Gunter's winter

Juan Manuel Marcos
Først utgitt:1987
Originaltittel:El invierno de Gunter
Oversatt av:
Tracy K. Lewis

Lån boka

Tilgjengelig på engelsk:

Reserver eller finn

Om boka

  • Motstandskamp : sivile rettigheter
  • 1980-tallet
  • Corrientes (Argentina)
“Gunters vinter” er ein eksperimentell roman om politisk undertrykking, personleg forsoning og menneskets motstandskraft. Ein kjenslelaus tenestemann frå Washington D.C. må reise til Argentina for å redde niesa si som sit i fangenskap hos militærjuntaen. Forteljinga inneheld element av mord, historie, diktatur, kjærleik, mytologi, poesi, tortur og den lækjande krafta i kunsten. Forfattaren Juan Manuel Marcos (f. 1950) vart sjølv fengsla og torturert då han kjempa mot diktaturet til Alfredo Stroessner i Paraguay. Marcos måtte flykte og har sidan budd i mellom anna Spania og USA. Han har tatt doktorgrad i både filosofi og litteratur, og han har forska og forelest ved Harvard, Yale og UCLA. Etter å ha kome attende til heimlandet, har han stifta Universidad del Norte. Universitetet blir rekna som det mest prestisjefylte universitetet i Paraguay og den institusjonen som har gjort mest for kulturlivet og vitskapen i landet. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgaver